Slik blir nye Coop Obs Bygg i Straume Næringspark
Første støypen er lagt, og om eit år er målet at bygget større enn ei fotballbane skal vera klart til å ta imot kundar.
– Det kan vera eg er optimistisk no, men vi jobbar for å opna det nye varehuset i slutten av april neste år, seier eigedomssjef Roald Valestrand, i Coop Hordaland.
Det er Brødrene Ulveseth som eig tomten og står for bygginga av varehuset i Straume Næringspark. Bygget som er under oppføring er på rundt 7300 kvadratmeter, og får Straume Teknologisenter som næraste nabo.
Vegen til varehuset blir å køyre rett fram etter Sotra Arena, på det som blir den framtidige vegen til Ebbesvik.
Komplisert og trangt
Rundt dagens Obs Bygg Sartor har det skjedd ei rivande utvikling dei siste fem åra. Mest problematisk er det at vareleveringa skjer på same stad som kundar kjem kjørande med tilhengar.
– Utviklinga rundt dagens varehus har gjort det komplisert der. Der er vi også tett på ein gangveg til bustadområdene, og eg har vore mest bekymra for tryggleiken, seier Valestrand.
Det nye varehuset får både innandørs butikk og drive-in-avdeling for byggevarer. Drive-in vil skje med innkjøring i det nord-vestre hjørnet. Det skal også gjerast klart parkeringsplass på nordsida, og varemottak på sørsida.
– Det er etterlengta å få på plass dette varehuset med denne plasseringa. Det blir godt å få ein trygg og sikker arbeidsplass for dei tilsette, der kundane som også er eigarane våre, blir ivaretatt på ein god måte med god plass, seier Roald Valestrand.
Tekst: Vest Næringsråd